Hovudsida

Skrivarstova

Styret

Kven & Kvar

Medlemslag

Nytt frå lokallaga
    Dans - musikk
   
Teater
   
Kurs

   
Ungdomshus

Lover

Årsmøtet

Bunadnemnda

Jul på Sunnmøre

Sunnmørsprisen

Sunnmørsstemna

Sunnmørsstovene

Faneregistrering

Møre Folkehøgskule

Noregs Ungdomslag

Kontakt oss

Peikarar

  
Oppdatert: 02.09.10 
Besøk nr. Hit Counter
Heimeside frå: 
 

 

Referat frå styremøta Årsmeldingar 


Arkivet

 

 

Velkomen til
Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag!

Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag.
SfU har 35 lokale medlemslag med over 1360 medlemar på Sunnmøre.
Omlag 67
0 av desse er barn og unge under 26 år (sjå Medlemslag).

Aktivitetane i laga er bl.a. dans og musikk, kor og visegrupper, teater og revy,
ungdomsklubbar og diskotek. SfU gjev årleg ut Aktivitetsprisen, Sunnmørsprisen og Jul på Sunnmøre og
driv bunadsarbeid på Sunnmøre.

Barnestemne på Skodje 10.-12. september

Det nærmar seg snart tid for stemne att! Sunnmørsstemna for barn vert i år skipa til for 30.gong, og denne gongen er det Skodje frilynde UL som er tilskipar. Forrige gong det var barnestemne her var i 1985, så vi gler oss til å kome på stemne på Skodje igjen.

Stemnet vil føregå
delvis på ungdomshuset Fagerheim, Skodje IL sitt klubbhus og på Skodje barneskule. (Det ser pr. idag dessverre ikkje ut til at Gomerhuset vert klart til stemnet).
 

På stemnet vil publikum kunne sjå deltakarane bl.a. laurdag føremiddag på framsyningar
ulike stader i bygda, og på søndag på stemnegudsteneste og hovudstemne. Elles på programmet denne helga står bl.a. ulike aktivitetar/ minikurs, aktivitetskveldar og diskotek.

Dei førebelse påmeldingane tyder på at det kan verte god deltaking på stemnet. :-)
Frist for endeleg påmelding var 1. september.
 

Sunnmørsringen startar opp att for hausten  

Sunnmørsringen vil halde fram med nye øvingar i haust med 2 øvingar dette halvåret. Den første øvinga vert halden på Volda samfunnshus 18. september med Volda UL som lokal medhjelpar.
Neste øving vert i Sykkylven kulturhus 23 oktober, då med Sykkylven UL som tilskipar.

Påmeldingsfrist: seinast siste onsdagen før øvinga.

Det vert sendt ut meir info på heimesida og på epost etter kvart. 
 

Bunad- og Folkedraktrådet til Sunnmøre i haust

Bunad- og Folkedraktrådet har siste åra gjort draktregistreringar på Sunnmøre, i Fjørå (Norddal-Valldal), på Dimna og i Volda-Ørsta. Dei har funne mykje interessant draktmateriale frå desse bygdene. No planlegg dei ny tur til våre trakter.

Det
te blir i veke 35, i månadsskiftet august/september.
Denne gongen vil dei gjerne besøke bygdene Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda/Hellesylt.


Les meir her...

Tippar du? 

Støtt oss med din grasrotandel! Ved å tilknyte oss som din grasrotmottakar, vil SFU få 5 % av alt du spelar for hos Norsk Tipping. Oppgje organisasjonsnummeret vårt til kommisjonæren: 975 714 713 så kan du knytte ditt spelarkort til organisasjonen vår.
 

Sunnmørsring-øving i Stordal 10. april

Siste øvinga i Sunnmørsringen for i vår var laurdag 10. april i Stordal. Denne gongen var det litt færre deltakarar enn det vanlegvis er, men dei frammøtte fekk likevel ei god danseøkt, leia av Reidun Hunnes, Astrid Ringdal og Marit Egseth. Øvinga var vel tilrettelagt av Stordal folkedansgruppe som var lokal tilskipar.

Vi startar opp att til hausten med nye samlingar. Har du gode idear eller tips om øvingane, dansar eller opplegg til hausten? Ta gjerne kontakt! Tlf. 915 34 679 eller epost: post@sful.no

 

Årsmøtet 2010 i Barstadvika 20. mars 2010
Årsmøtet i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag vart i år halde laurdag 20. mars på ungdomshuset Samhald, Barstadvika. UL Bard var lokal tilskipar for møtet.

23 personar deltok på årsmøtet.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker, vart Aktivitetsprisen utdelt. Den gjekk i år til Perry Bjørke frå Bjørke. Han fekk prisen for den gode innsatsen han har gjort for Skjåstaddalen UL gjennom mange år. Leiar i SFU, Arnstein Sæthre delte ut prisen.

Janne Kvamme vart vald til ny leiar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, etter at Arnstein Sæthre sa frå seg attval.

Fullstendig referat frå årsmøtet er no klart, og du kan lese det her: referat årsmøte 2010

 


Jul på Sunnmøre 2009

 

Vart du for sein med å skaffe deg Jul på Sunnmøre i år? Ta gjerne kontakt med Skrivarstova i Ørsta om du vil få bladet tilsendt, på tlf. 70 06 73 30 eller epost: post@sful.no

Vi har og tidlegare utgåver av bladet på lager, dei aller fleste årgangane heilt tilbake til første utgåva i 1967. Bladet inneheld lokalhistoriske og aktuelle artiklar frå Sunnmøre. 2009-utgåva kostar kr. 50, medan du får tidlegare utgåver til redusert pris.
 

Sunnmørsringen

Laurdag 21. november var dato for årets siste øving i Sunnmørsringen. Øvinga vart halden i Barstadvika, med UL Bard som lokal tilskipar. Kåre Gausnes instruktør og Magnus Skjerdal var spelemann.
 

Utdeling av Sunnmørsprisen for 2008

 

Litteraturprisen "Sunnmørsprisen" gjekk i år til forfattaren Lars Petter Sveen. Han debuterte i fjor med novellesamlinga Køyre frå Fræna, på Aschehoug forlag. Måndag 26. oktober vart prisen utdelt. Tilskipinga var eit samarbeid med Volda Mållag og studentveka i Volda, og utdelinga skjedde på kafeteriaen til Mylneriet.
Sunnmørsprisen er ein litteraturpris som kvart år vert utdelt til ei av dei beste nynorske bøkene frå året før. Nynorske bøker av forfattarar frå heile landet og bøker innan ulike sjangrar vert vurdert. Prisen vart første gong utdelt i 1953, og den er på kr. 10
000,- og ein diplom.

Les meir om forfattaren og boka her...
 

Springarkurs i Sunnmørsringen - Ålesund 24. oktober

Sunnmørsringen heldt sprigarkurs laurdag 24. oktober i Ålesund. Live Karin Liaskar og Solveig Bjørneset var instruktørar, og spelarar frå UL Ivar Aasen sytte for god springartakt til kurset. Kurset hadde god oppslutnad, kring 50 personar deltok.
Tidlegare i haust har Sunnmørsringen hatt ei øving til, og denne vart halden på ungdomshuset Fagerheim på Skodje 5. september.
 

Bunadsnemnda held kurs i bunadsaum

Bunadnemnda på Sunnmøre hadde sist vinter kurs i kvinnebunad frå Sunnmøre, rekonstruert etter gamle folkedrakter frå ca. 1850.

Tilbakemeldinga nemnda fekk var veldig positive, og derfor vil vi til hausten tilby nytt kurs.
For å imøtekomme ønske om å halde kurs andre stader på Sunnmøre vil vi samarbeid med lokale Husflidslag,
ungdomslag eller andre lag med interesse for bunad og folkedrakter.

Bunadnemnda stiller med kursleiar, Inger-Elin Rønnestad Mork og medhjelpar.

Les meir her...
 

Huskurs i Malmefjord 9.-11. oktober

Norske kulturbygg (tidlegare Norske Lagsbruk) har skipa til huskurs for ungdomslaga i Møre og Romsdal. Ansvarlege for kurset var fylkeslaga Romsdal Ungdomssamlag, Nordmøre UL og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag i samarbeid med Norske kulturbygg. Kurset vert halde på det nye ungdomshuset i Malmefjord, med Sylte og Malme UL som lokal tilskipar.
 

Storkurs på Fiskå 26. september

Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag heldt storkurs for ungdomslaga på Sunnmøre og andre interesserte laurdag 26. september. Kursstaden var Fiskå ungdomshus og Fiskå skule, og Fiskå frilynde UL stod for det praktiske med kurset. 
Storkurset kunne tilby 3 ulike kurs, teaterkurs/ kurs i improvisasjon og teatersport, dj-kurs og kurs i tilskotsordningar, og alle kursa vart gjennomførte med god deltaking.
 

Barnestemne på Rogne 2009

Helga 18.-20. september vart det skipa til barnestemne for 2009. Det vart halde på Rogne, med UL Fram som tilskiparlag. Stemnet hadde i år rekorddeltaking samanlikna med stemna dei siste åra, og kring 150 born var samla til dans, aktivitetar og moro. I tillegg deltok 30 vaksne leiarar og foreldre. Deltakarane kom frå Hellesylt, Sykkylven, Vatne, Volda og Ålesund.
UL Fram gjorde ei flott innsats med gjennomføringa av stemnet.

 

Sunnmørsringen til Nordleik i Finland

Sunnmørsringen deltek i år på det nordiske stemnet Nordleik, som vert halde i Lahti, Finland. Gruppa tel 35 folkedansarar frå Volda, Ørsta, Stordal og Sykkylven, Liabygda og Bryggja i Nordfjord som reiser på den 8 dager lange turen frå 30. juni – 8. juli.
Totalt er om lag 2000 dansarar og spelemenn venta å kome til stemnet, og av desse er kring 300 frå norske folkedanslag, leikarrringar og ungdomslag frå heile Noreg. I tillegg til Sunnmørsringen er også 17 deltakarar frå BUL Molde påmelde.

Programmet under Nordleik inneheld dansekurs, danseframsyningar, konsertar, turar og andre aktivitetar. Eitt av høgdepunkta under stemnet vert opptoget på laurdagen, der deltakarane frå alle dei nordiske landa stiller med bunader og faner. Det er også sett opp eit felles danseprogram med eit utval av dansar frå kvart av dei nordiske landa, som deltakarane har øvd inn på førehand, og som vert framført under stemnet.

Turen vert skipa til av Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag/ Sunnmørsringen.
Reidun Hunnes og Svein Arnesen frå Volda frilynde UL er reiseleiarar.
 

Frifond-midlar

1. mai kvart år er fristen for å søkje på Frifondmidlar. Frifond er ein stønadsordning gjennom Noregs Ungdomslag, og aktivitetar med deltakarar under 26 år kan søkje om midlar frå ordninga.

Du kan lese meir om ordninga og kriteriane for å søkje her: http://www.ungdomslag.no/index.php?meny=13-

Søknadsskjema kan du laste ned her: søknadsskjema 2009.

 

Instruktørkurs i folkedans

SFU skipa til instruktørkurs laurdag 25. april i samarbeid med Volda UL.
Kurset vart halde på Mork ungdomshus, og 8 deltakarar deltok.
Live Karin Liaskar var instruktør på kurset.
 

Kurset hadde barne- og ungdomsarbeid som tema, og tok opp bl.a. metodikk, bruk av instruksjonsbøker og innøving av nye dansar.


 

Årsmøte 2009 i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag

Årsmøtet vart i år halde på Hellesylt laurdag 21. mars, med Hellesylt UL som lokal tilskipar. Totalt 23 personar deltok på møtet, av dei var 18 utsendingar frå 9 lag.

Referat frå årsmøtet kan du lese her.
 
Aktivitetsprisen til Astrid Romundstad Ringdal
Under årsmøtet sist helg fekk Astrid R. Ringdal tildelt Aktivitetsprisen for 2008.
Ringdal fekk prisen for den store innsatsen hennar gjennom mange år for barnegruppa lagsarbeid i Hellesylt Ungdomslag. Barnegruppa starta opp for 20 år sidan, og Ringdal har heile tida vore primus motor for den. Prisen er på kr. 10 000,- og ein diplom.


 

Teaterkurs med Beate Eriksen 

Helga 6.-8.mars vart det halde kurs i Hovdebygda med Beate Eriksen som instruktør. Dette vart 3. gongen at ho kom til Ørsta og heldt kurs. Lokal tilskipar var Hovdebygda UL. Deltakarane kom frå ulike lag i Volda og Ørsta, og dei var godt fornøgd med kurset.

 

Parhalling-kurs i Sykkylven

Laurdag 7.mars heldt Sunnmørsringen kurs i parhalling på Sykkylven kulturhus.
Instruktørar var Mari Andrea Ness og Atle Hoff, begge frå Viksdalen i Sunnfjord. Nærare 50 deltakarar var med på kurset, og av dei var det fleire ungdomar som deltok, både frå Sykkylven, Hellesylt og Ålesund. Der var og deltakarar frå Volda og Ørsta.

 

Snu Nordvest-samling i Volda

Ungdomsringen Snu Nordvest hadde samling i Volda 27. februar-1.mars.
Rundt 20 ungdommer var samlet på Mork grendehus denne helga, og denne gongen var det dei lokale dansane frå Sunnmøre som var i fokus. Live Karin Liaskar lærte deltakarane springar frå Søre Sunnmøre, polka med støyt og masurka. Det vart ei lærerik og spennende helg med mykje dansing!
På laurdagskvelden var vi så heldige å få besøk av spelemennene Jorunn Marie Kvernberg og Jan Beitohaugen Granli som spelte til dans. Det vart seine kveldar med spørjekonkurranse, song, dans og moro. Søndag såg mange av deltakarane førestillinga ”Den vesle prinsen” i Aasentunet i Ørsta. Førestillinga nyttar både folkedans og folkemusikk, noko som passa utmerket!
Alle var einige om at førestillingen var veldig bra, og at heile helga hadde vore lærerik og god! No er det fylkeskappleiken i Fosnavåg neste, der skal vi stille i lagdans senior.


 

Snu Nordvest-samling på Hellesylt

Dans, spill, lek og latter var det mye av da Ungdomsringen Snu Nordvest (Møre og Romsdal) hadde sin første samling etter sommeren. Den 10.-12. oktober var det samlet ca. 40 ungdommer i Synnylven samfunnshus på Hellesylt på Sunnmøre.

Les meir om samlinga her:
Snu Nordvest på Hellesylt


Vil du sjå bilete frå samlinga? Sjå her:
bilete 1   bilete 2   bilete 3   bilete 4  
 
 

Ny aktivitetsleiar

Skrivarstova hadde i september 2008 skifte av aktivitetsleiar.
Elin Kjalnes som har vore tilsett siste året slutta, og er i staden blitt student i Volda. Liv Fridtun, som har vore tilsett tidlegare kom attende i stillinga etter eit års permisjon. Ho vil framover jobbe i 80 % stilling.

Kontoret til SFU er ope alle dagar unntatt måndagar kl. 09.00 - 15.30

Har de meldingar om stort eller smått av nyhende i ungdomslaga, så ta gjerne kontakt, tlf. 70 06 73 30.
___________________________
 

Bunadskurs

Bunadnemnda på Sunnmøre har gleda av å skipe til kurs i  kvinnebunad frå Sunnmøre. Rekonstruert etter gamle folkedrakter frå ca. 1850.

Deltakarane vil få info om historikken til bunadane og lære dei  gamle saumteknikkane som til dømes spilesaum og prikkesting.

Kursstart:  uke 36
Stad: Kantina på Valldal trevarefabrikk (på Sula, like ved Vegsundbroa)
Dag : Torsdagar

Tid: kl 18.00 – 20.30 (tida kan tilpassast)
Varigheit: 12 gonger
Lærar: Inger Elin Mork
Pris:  kr 1.000,-

Påmelding til: Åshild Ytredal Liaskar, tlf. 70076068 eller mobil: 95221417. E-post: aashildy@hotmail.com

Påmeldingsfrist: 14. august 2008

Deltakarantal: 8 stk

 

Barnestemne i VOLDA 13.-15. juni 2008

No er vel egentleg fristen for å melde seg på ute, men eg er heilt sikker på at om du vil så er det berre å ringe.

Dette blir ei helg med mykje moro, der ein også kan finne nye venner, eller kanskje møte venner som ein ikkje har sett sidan barnestemnet i fjor.


 

Rundtur med båt

Søndag 1. juni blir det rundtur med båt, bl.a. til Runde.

Vil du melde deg på gjer du dette til Karl Fredrik Blindheim.
Prisen er kr 200.- for turen og kr 100,- for mat. Dette blir heilt sikkert ein kjempeflott tur med flott natur.
For meir informasjon ring Karl Fredrik tlf 917 44 733, eller tlf 928 26 302.

Skund deg å meld deg på, plutseleg er det fullt.

                                                                                                                              

Øving Sunnmørsringen 2008

Laurdag 19. april blir det øving i Sykkylven.
Lokalet som blir brukt er Odd Fellow Bygget på Straumegjerde. Det er same plassen som det var sist det var øving i Sykkylven.

Pris kr. 150,- pr pers. Det starter kl. 11.00 og held på til kl. 16:00.
Håper mange har anledning til å ta turen. Siste frist for påmelding er torsdag 17. april.

Du kan melde deg på til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag
på tlf. 70 06 73 30, mob nr 952 86 272  eller email til post@sful.no.

                                                                                                    

Øving Sunnmørsringen :-)

Laurdag 19. april er siste øvinga for sommaren. Dette skjer i Odd Fellow bygget på Straumegjerde, håper mange har anledning til å møte.

Det vil kome meir info etterkvart.

 

VARTDALSREVYEN 08

E`DET ANNJA Å VENTE...

Denne er det verdt å få med seg.

Ledige billettar, framsyning: tysdag 4. mars, fredag 7. mars og søndag 9. mars. Billettpris kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn.
For bestilling av billettar: ring Elin på tlf 97715945, eller Gunn på tlf 97601620, mellom klokka 18:00-22:00.

PS! framsyninga startar klokka 20:00 presis.

 

Haukly Musikkverksted

Har øving/opplæring annankvar onsdag frå kl 19:00 til 22:00 på ungdomshuset Haukly.

Neste øving den 12.3.2008. Alder12 -18 år.
Slagverk-elgitarer-kassagitar-bassgitar og stagepiano tilhøyrer Verkstedet og kan brukes av alle.
 
Skjåstaddalen Ungdomslag
V/Perry Bjørke
 

Øving Sunnmørsringen

Laurdag 8. mars 2008 er det øving i Volda.

Vi held til på Volda Samfunnshus. Det startar kl. 11.00 som vanlig og  held på til klokka 16.00 Prisen er kr 150 pr. pers.

Påmelding seinast onsdag 5. mars. Ring eller send epost. Tlf er som før 70 06 73 30 mail er post@sful.no.

Viss de sender mail er det fint om de fortel kva lag de høyrer til.

 

UL Ivar Aasen

Arrangerer Skotårsfest 29. februar 2008 kl. 19.30 i S.Bullsgt. 4.

Det vert servering av mat og lett underhaldning.
Dans: turdans og songdans. Alt dette for kun kr. 150,-

Påmelding innan 22. februar til:

Hilde Johanne 95762476
Bjarne 91880618, eller bjarne.breivik@online.no

Jan Ove 90779465      Grethe 45052671        Bjørg 95142954

 

Årsmøte i SFU for 2008

Dette vert halde i Ivar Aasen lokala laurdag 5. april 2008.
Kjem tilbake med meir info seinare.

 

Barnestemne 2008

13.-15. juni 2008 har Volda frilynde Ungdomslag teke på seg å arrangere Barnestemne, så då kan de krysse av i kalenderen.
Kjem tilbake med meir informasjon seinare.

 

Øving Sunnmørsringen

Laurdag 26. jan.2008, er første øvinga i år, dette skjer i Stordal.

Vi held til i Grendasalen i Stordalshallen. Det startar klokka 11.00 som vanlig og vi held på til klokka 16.00. Prisen er kr. 150,- pr.pers.

Påmelding seinast tysdag 22. januar. Ring eller send epost.
Tlf er som før 70 06 73 30, mail er
post@sful.no.

Viss de sender mail er det fint om de fortel kva lag de høyrer til.

Instruktørar: Aashild Y. Liaskar og Kåre Gausnes.
Speledame: Mona Fiskerstrand.


Denne kvelden er det også :

Dansekveld i STORDAL.

Laurdag 26. januar klokka 19:30, Grendasalen i Stordalshallen. Inngangsbilett inklusive middag kr 200,- 

Påmelding snarast, og seinast 16. januar til Aril Hove, helst på e-post aril.hove@adsl.no navn og stad/lag, tlf 952 39400.

Det er fortsatt høve til å melde seg på, treng du overnatting, så har du nokre alternativ her: Blåtind tlf 702 78180/917 72470, for leiligheiter/rom ved Terje Søvik tlf 926 03460. Leiligheiter/rom Jarle Hove tlf 70278289.

 

Storkurset i TUF på Finnsnes hotell helga 15.-17.februar.

Det tilbys følgende kurs:
-
          dansekurs i nordnorske folkedanser, ”Nordnorsk øyhopping”
-
          barne-og ungdomsinstruktørkurs/Leik og læring
-
          kurs for bunad-og husflidsinteresserte

Påmeldingsfrist er fredag 1.februar.  Bli med!!

Hilsen Birgitte, mob: 970 54 142

 

Sunnmørsringen :-)

Laurdag 26. januar må de sette av dagen. Da startar vi på igjen med øvingane, dette skjer i Stordalen.

Påmeldingsfrist er seinast måndag 21.januar. Eg vil kome tilbake med meir informasjon i løpet av neste veke. Men hugs å sette av denne dagen.

 

Velkommen til BARNLEK 2008!

2.-6.juli vert det arrangert Barnlek i Porsgrunn, dette er eit tilbud til alle barn i Norge, det vert arrangert kvart tredje år. Det kjem born frå Noreg, Danmark, Finland, Island, Sverige, Færøyane, Grønland og Åland. Noregs Ungdomslag er nasjonal vertnasjon.

Påmeldingsfristen er innan fredag 7. mars 2008.

For meir informasjon WWW.barnlek2008.no  eller www.ungdomslag.no
 

Romjulsdans hjå UL Ivar Aasen:-)

Fredag 28.12.2007 vert det romjulsdans hjå UL Ivar Aasen frå klokka 19:30. Bilettpris er Kr 100,- dette er inkludert Brennsnut. Det vert og sal av kaffi og kaker, sjå annonse i Sunnmørsposten onsdag 19. desember.

 

Søknad for Aktivitetsprisen

Lokallaga har høve til å sende inn forslag til prisvinnarar innan 31 desember kvart år, styret innstiller kandidat/kandidatar ut ifrå dei innkomne forslaga frå lokallaga innan 31 januar, Generalforsamlinga for Sunnmørsstovene AS vedtek endelig kven prisen skal gå til.

Prisen er på totalt 10 000 kr og ein diplom.

Den kan gå til medlemslag eller enkeltpersonar. To vinnarar kan dele prisen samme år.

Har du spørsmål eller treng å vite litt meir ta kontakt!

TEATER KURS/REVY

No kjem ho: Beate Eriksen

Fredag 11. januar og laurdag 12. januar 2008 på Ervingen i Hovdebygda.

Ho vil halde eit nytt kurs for oss denne helga, for oss som deltok på kurset sist, veit att dette blir kjempe kjekt, Beate Eriksen er eit Fyrverkeri, å utruleg artig å jobbe att med, so viss du ikkje vil gå glipp av eit framifrå kurs melder du deg på.....

Kursavgift kr 500.-

Det startar fredag klokka 18:00 til ca 21:00. Laurdag 11:00 - ca 18:00. Det vil bli enkel matservering. For meir informasjon eller påmelding ring         70 06 73 30 eller mobil nr 952 86 272. Eller du kan sende ein epost om du vil post@sful.no Siste frist for påmelding er 2. januar,

 Å sist men ikkje minst Mads Ryste vil også være med under heile kurset, så det er ingen grunn for å sitte heime.

 

VI lagar revy!

Revy-samling på BUL-hytta 25.-27. januar 2008

Denne helga blir det REVY seminar i regi av NORDMØRE ungdomslag, leiarar av seminare blir, Reidun Flatøy og Trygve Stavik.

For meir innformasjon ta kontakt med: Nordmøre Ungdomslag, postboks 235, 6501 Kristiansund, tlf 71 67 23 98.
 

Nyttårssoare

Til danselystne, Ørsta og Volda Folkedanslag ønskjer alle velkomne på Nyttårssoare.

Dette skjer på Ørsta Kulturhus laurdag 5. januar 2008 kl 19:00. Det er variert program, mat, kaffi og utlodning før dansen tek til ca klokka 21:00, fem spelemannslag frå distriktet vårt og frå Nordfjord syter for dansemusikken.

Noko du lurer på...?? Ta kontakt med leiar Selmar Halsen, tlf. 700 67562  eller mobil nr. 900 96673.

 

BEATE ERIKSEN KJEM TIL HOVDEBYGDA.....

Andre helga i januar ser det ut til att Beate kjem til oss igjen.

Det er mange som har etterlyst henne, og no har vi endeleg fått det til, dvs merk av datoene 12. og 13. januar allereie no, det vil kome meir informasjon ganske snart. Vi som var på det første kurset veit at dette blir skikkelig kjekt. Med masse moro å alvor, Mads Ryste vil hjelpe henne slik han gjorde sist...

Så inntil videre husk å kryss av datoen med en gang, slik at du er klar.

 

ØVING I SUNNMØRSRINGEN 24. NOVEMBER 2007

På grunn av noe ombygging måtte vi flytte øvingen, så da vart det Odd Fellow bygget i Straumegjerde, det er der som Straumen kro holder til, i 3. etasje. Håper mange har anledning til å kome.

Det starter klokken 11.00 pris er kr 150,- pr pers. Å vi holder på til klokken 16:00. Håper mange har anledning til å ta turen, siste frist for påmelding er torsdag 22. november. 

Instruktører: Åshild Ytredal Liaskar og Reidun Hunnes

Spelemann/dame: Mona Fiskerstrand.

Ring eller send epost. tlf er som før 70 06 73 30
 

Hovde-Revyen, premiere 20.okt 2007

Eit tips til alle som likar revy, no er den i gang igjen, og som vanleg er det verdt å få med seg, for dette er det alle snakkar om dei nærmaste dagane.....  Les i Møre-Nytt om billettar....

Spring og sjå!!!!!!!!!!
 

Ny øving i Sunnmørsringen 27. oktober

Neste øving vert på Mork skule/ grendahus i Volda laurdag 27. oktober kl. 11.00 - 16.00.
Instruktørar denne gongen vert Kåre Gausnes og Åshild Ytredal Liaskar.
Spelemann: Leif Arne Nydal.
Pris: kr. 130,- pr. pers.

Ta kontakt for påmelding, tlf. 70 06 73 30 eller epost.
Frist for påmelding: tysdag 23. oktober.
 
Interessert i tilskot til laget ditt?
SFU deler ut prosjektmidlar til dei lokale medlemslaga på Sunnmøre
Årsmøtet i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag sette i år av ein eigen post på budsjettet som vart kalla prosjektmidlar. Dette er midlar som dei lokale ungdomslaga på Sunnmøre kan søkje om tilskot frå. Det er ingen søknadsfrist på midlane, men søknadane vil verte handsama i styret etter kvart som dei kjem inn. Så først til mølla-prinsippet...
Fullstendige retningslinjer for midlane finn du her: Prosjektmidlar

No nærmar det seg slutten på året, men det er framleis midlar att frå denne budsjettposten.
Er du interessert i pengar? Benytt sjansen og send inn søknad til laget ditt!

Adressa vår er: SFU, Postboks 127, 6151 Ørsta. Evt. epost: post@sful.no
Evt. spørsmål? Ring oss og spør: tlf. 70 06 73 30.
 
Sunnmørsringen - øvingar hausten 2007
Sunnmørsringen hadde si første øving laurdag 15. september i Stordal. Her vart det dansa både songdans, turdans, rekkedans, runddans og bygdedans. Kring 35 deltakarar var med frå Volda, Ørsta, Barstadvik, Sykkylven, Hellesylt, Stranda, Stordal, Ålesund og frå Bryggja i Nordfjord.

Neste øving vert på Mork skule og grendahus, Volda laurdag 27. oktober kl. 11.00-16.00.
Lokale tilskiparlag: Mork UL og Volda UL.

Påmelding til Skrivarstova: tlf. 70 06 73 30 eller epost: post@sful.no

Deretter står Sykkylven for tur: laurdag 24. november kl. 11.00 - 16.00.
 
Barnestemne på Hellesylt
7.-9. september vart det årlege Sunnmørsstemna for barn halde, og denne gongen var Hellesylt UL lokal tilskipar. Kring 100 barn og unge frå 7 lokallag var samla frå fredag kveld til søndag. 
Helga var lagt opp med danseøkter, ulike aktivitetar, og programkveldar, og vart avslutta med  stemnegudsteneste og hovudstemne på søndag.
Takk for innsatsen til både deltakarar, foreldre og leiarar, og ikkje minst tilskiparlaget
Hellesylt UL med Marianne Fivelstad i spissen!
 
 
Sunnmørsringen på tur til Færøyane
Sunnmørsringen hadde ein innhaldsrik og triveleg tur til Færøyane i slutten av juli.
51 deltakarar frå Sunnmøre var med, og vi hadde mange danseøkter både i Torshavn og på båten til og frå Færøyane. Ei av dei største opplevingane på turen var å få vere med på færøyisk olsokfeiring og å oppleve færøydansen på nært hald!
 
Teaterkurs i Ørsta 24.-25 mars 2007  
S
unnmøre frilynde Ungdomssamlag heldt teaterkurs på ungdomshuset Ervingen i Hovdebygda, Ørsta 24.-25.mars 2007. Hovudinstruktør var Beate Eriksen, Oslo på framføring og regi.
Mads Ryste, Hovdebygda hadde skrivekurs.

Det var god oppslutnad med 16 deltakarar, dei fleste frå lokale lag i Ørsta og Volda, men og tilreisande deltakarar.

 
Årsmøte i SFU 3. mars 2007  
Årsmøtet i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag vart i år halde laurdag 3. mars på ungdomshuset Ervingen i Hovdebygda, Ørsta.
Sunnmørsstovene AS heldt sitt årsmøte samstundes som ein del av årsmøtet i SFU.

I tillegg til årsmøtesaker vart Aktivitetsprisen for 2006 utdelt. Den gjekk til Kari og Karsten Ivar Grindvik for arbeidet dei har gjort for Skodje Ungdomslag og ungdomshuset Fagerheim.

Referat frå årsmøtet finn du her: Referat årsmøte 2007

 
Aspirantkurs på Sunnmøre  
Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag skipa til Aspirantkurs i folkedans 2.-4.mars 2007. Det vart halde på ungdomshuset Ervingen i Hovdebygda. Instruktør var Marianne Dahl, Oslo.
18 deltakarar var med på kurset. Dei kom frå både lokallag på Sunnmøre og nokre var tilreisande frå andre distrikt.
 
Aktivitetar frå 2006:
Instruktørkurs for barneleiarar 
Laurdag 18. november 2006 vart det halde instruktørkurs i Volda, og med 19 deltakarar vart det eit godt gjennomført kurs.
Instruktør var Yngve Vadstein, som tok føre seg ein del dansar som deltakarane kan bruke vidare i sitt eige ungdomslag i opplæring av barn og unge. 
Deltakarane kom frå Sykkylven, Fiskå og fleire lokallag i Ørsta-Volda-distriktet.
 
Vellukka polskurs i Ørsta
SFU og Sunnmørsringen skipa til kurs i Rørospols 27.-29.oktober 2006 på Møre Folkehøgskule i Ørsta.
Instruktørane Randi og Peder Gullikstad og Hans Petter Kvikne frå Røros og musikarane Mary Barthelemy og Olav Nyhus frå Glåmos gjorde ein flott jobb for dei omlag 40 deltakarane som ville lære seg pols. Deltakarane kom frå fleire kantar av Sunnmøre, og til og med frå Nordfjord.

 
Omframt årsmøte i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag 
Omframt årsmøte i SFU vart halde laurdag 7. oktober på Møre Folkehøgskule.
Bakgrunnen for å halde omframt årsmøte var eit framlegg frå UL Ivar Aasen vedk.  aktivitetsleiarstillinga, med eit alternativ til vidare drift av SFU/ disponering av midlar.

Totalt 26 utsendingar frå 12 lag møtte fram, i tillegg deltok 4 styremedlemar og tilsett aktivitetsleiar på møtet.

Fleirtalet av dei røysteføre støtta styret sitt framlegg og vedtok å vidareføre stillinga slik den er idag. Mindretalet på 2 stemte for eit benkeframlegg, å redusere stillinga til 50 % stilling. Framlegget til UL Ivar Aasen fekk 0 stemmer.
Arbeidsplanen for haust 2006-vår 2007 og budsjettet vart og vedteke med mindre endringar.

Sjå referat frå det ordinære årsmøtet i mars her: Referat frå årsmøtet
 
Aktuelt i Noregs Ungdomslag
Noregs Ungdomslag har heimesider på adressa: www.ungdomslag.no
Hald deg oppdatert om Noregs Ungdomslag her.
 
Faneregistrering
Asbjørn Thommassen arbeider vidare med registrering av faner.
Planen er å gje ut ei bok om dette.
Har laget ditt fane, så les meir om faneregistreringa på denne sida: Faneregistrering

 
Webmedlem
Medlemsadministrasjon for lokal- og fylkeslag: www.webmedlem.no
Her kan laga sjølve registrere nye medlemar og til ein kvar tid ha oversikt over medlemsregisteret i sitt eige lokallag. NU-kontoret gjev deg tilgang til registeret.
 
 
Kva skjer i SFU   
Ynskjer du å få tilsendt lagssendingar og andre meldingar frå SFU på e-post?
Ta kontakt og send oss ein e-post,
post@sful.no, så kjem du med på adresselista vår.

På heimesidene finn du referat frå alle styremøte, årsmøte og årsmeldingar, og du kan halde deg oppdatert på kva saker som vert handsama i styret til SFU. Sjå: Referat frå styremøte.

Har du tips om saker vi bør ta opp, så meld frå til styret.
 
Hugs å søkje om midlar! 
Frifond-midlar og Folkekulturforbundet
Ta kontakt om du ynskjer søknadsskjema.

 

Jul på Sunnmøre
Jul på Sunnmøre framleis mogleg å få kjøpt, likeeins tidlegare årgangar av bladet.
Ta kontakt direkte med Skrivarstova i Ørsta, tlf. 70 06 73 30.
 
Aktuelt om bunadsarbeid på Sunnmøre
Sjå Bunadsnemnda
NU-butikken
Er du interessert i å kjøpe musikk, bøker, rekvisita eller andre saker frå NU-butikken?
No finn du den på nettet: Sjå NU-butikken.
 
 
Rabatt på Husfliden 
Alle som er medlemar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag har rett til 10 % rabatt når du
handlar på Husfliden. Rabatten gjeld for alle varer unnateke bunadsvarer og møblar.
Ta med gyldig medlemskort. 
 

Kontingent-satsar for 2007
Lagskontingenten i Noregs Ungdomslag er kr. 2300,- for lag med t.o.m. 20 medlemar.
Laga betaler
200,- i tillegg pr. medlem frå medlem frå nr. 21 og oppover.
1/2 kontingent for medlemar under 26 år.

Medlemskontingenten i SFU for lokallaga er sett til 10 % av kontingenten til NU.
Det er høve til å vere medlem direkte i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag utan å vere tilknytta eit lokallag. Ta gjerne kontakt om du er interessert i det.
 

 



 Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag:
Org.nr: 975 714 713
Telefon: 70 06 73 30 Mobil: 915 34 679
Kontoradresse:
Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta Postadresse: Postboks 127, 6151 Ørsta
E-post: post@sful.no