Hovudsida

Skrivarstova

Styret

Kven & Kvar

Medlemslag

Nytt frå lokallaga
    Dans - musikk
   
Teater
   
Kurs

   
Ungdomshus

Lover

Årsmøtet

Bunadnemnda

Jul på Sunnmøre

Sunnmørsprisen

Sunnmørsstemna

Sunnmørsstovene

Møre Folkehøgskule

Noregs Ungdomslag

Kontakt oss

Peikarar

  
Heimeside frå: 

Bunadnemnda
 

SfU sine representantar i bunadnemnda 2010:

Desse vart valde inn etter årsmøtet 2010:
Bjørg Astrid Rørstad, Ålesund, Hilde Johanne Rødal, Ålesund og Åshild Ytredal Liaskar, Volda.

Vara: 1. Hilde Rogne, Longva, 2. Astrid Aure, Sykkylven.
 

Bunad- og Folkedraktrådet til Sunnmøre i haust

Bunad- og Folkedraktrådet har siste åra gjort draktregistreringar på Sunnmøre, i Fjørå (Norddal-Valldal), på Dimna og i Volda-Ørsta. Dei har funne mykje interessant draktmateriale frå desse bygdene. No planlegg dei ny tur til våre trakter.

Det
te blir i veke 35, i månadsskifte august/september.
Denne gongen vil dei gjerne besøke bygdene Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda/Hellesylt.


Les meir her...

Lyst på ny bunad?
Bunadsnemnda held kurs i bunadsaum

Bunadnemnda på Sunnmøre hadde sist vinter kurs i kvinnebunad frå Sunnmøre, rekonstruert etter gamle folkedrakter frå ca. 1850.

Tilbakemeldinga nemnda fekk var veldig positive, og derfor vil vi til hausten tilby nytt kurs.
For å imøtekomme ønske om å halde kurs andre stader på Sunnmøre vil vi samarbeid med lokale Husflidslag,
ungdomslag eller andre lag med interesse for bunad og folkedrakter.

Bunadnemnda stiller med kursleiar, Inger-Elin Rønnestad Mork og medhjelpar.

Les meir her...

 

Årsmelding for bunadnemnda 2009

Nemnda har hatt følgjande samansetjing:
Leiar:               Inger Elin Mork HE
Kasserar:         Åshild Ytredal Liaskar SFU
Nestleiar:         Bjørg Astrid Rørstad SFU
Sekretær:         Hilde-Johanne Rødal SFU
Medlem:          Mona Kleven Blindheim HE
                        Astrid Hunnes HE
                        Line Iversen SM
Vara:               1. Hilde Rogne SFU
2. Ragna Driveklepp SFU
                        1. Edit Tomren HE
                        2. Margrete Kiperberg HE

Frå Husfliden AS har følgjande møtt: Disponent Åse Karin Gjære.
Arbeidsutval: Inger Elin Mork, Line Iversen og Hilde-Johanne Rødal.

Det har vore halde 5 styremøte, 1 arbeidsmøte, mange førebuande møte til bunadkurset og ei rekkje telefon- og datamøte.

Vi har delteke på årsmøtet til Husflidens Eigarlag, årsmøtet til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag, medlemsmøte hos Ålesund Husflidslag, bunadkafè i regi av Volda Husflidslag, kulturminnedagen på Sunnmøre Museum, vandreutstilling: Våre bunader: folkedrakttradisjon på vandring på Sunnmøre Museum, haustseminar og fagkurs i regi av Norsk Folkedraktforum, 1800-talsmarknad og båtstemne på Herøy gamle handelsstad, Herøy Gard, 3 møte med Husflidens Eigarlag og fleire møte med B&F i forbindelse med registreringen i Volda. 

Vi har har ferdigstilt bunadkurset i Ålesund. Stilt med lærer og medhjelpere på bundakurs, (rekonsturert folkedrakt kvinne) i Volda i regi av Volda Husflidslag. Dette kurset held fram utover i år 2010. Det er 8 deltakarar på kurset. Inger Elin Mork har vore lærer og dei fleste i Bunadnemnda har vore medhjelparar. 

Det har vore arbeidd mykje med folkedraktene. Vi har teke for oss forkle, sjal, lomme, lommelås, strikkaermer, saumbeskrivelsar og kvalitetssikring av materialpakkene. Dei broderte bunadene og heimeside har vi også teke for oss.

I år var vi så heldige å få Bunad og Folkedraktrådet til å registrere gamle plagg inne i Voldaområdet. Då samarbeidde vi med Volda Husflidslag.  

Rekonstruksjonsarbeid innebærer ei systematisk gransking av draktskikken frå eit visst draktområde og deretter nøyaktig kopiering av ein drakttype frå same stad og frå ein viss tidsperiode. Folkedraktene kunne innafor same område ha store variasjoner, men sjøl om farger og materialer varierte, var ofte snittet fast. 

Vi har overlevert 5 saumbeskrivelsar, liv, damaskstakk, luer, trykt og vevd forkle, av dei rekonstruerte kvinnebunadane til Husfliden AS.

I desember fikk vi tilrådd den rekonstruerte lomma og låsen. Det er gullsmed Stamnes som har produsert låsen. Dette vert å få kjøpe neste år.

Kompetanseheving har også i år stått i fokus. Dette er viktig for å oppfylle krava som blir stilt til nemnda i den inngåtte Avtalen av 1999. Vi har hatt mange og lange styremøte og eit langt og gjevande arbeidsår. Folk har stått på. I arbeidet vårt legg vi heile tida vekt på at alle våre vedtak må være begrunna. Vi følgjer retningslinjene til Bunad- og Folkedraktrådet.  

Eg vil til slutt takke alle i nemnda for det arbeidet dei har utført i året som gjekk.

Ålesund, 14. januar 2010

Hilde-Johanne Rødal
s
ekretær

  


 Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag:
Org.nr: 975 714 713
Telefon: 70 06 73 30 Mobil: 95 28 62 72 Telefaks: 70 06 79 80
Kontoradresse: Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta Postadresse: Postboks 127, 6151 Ørsta
E-post: post@sful.no