Hovudsida

Skrivarstova

Styret

Kven & Kvar

Medlemslag

Nytt frå lokallaga
    Dans - musikk
   
Teater
   
Kurs

   
Ungdomshus

Lover

Årsmøtet

Bunadnemnda

Jul på Sunnmøre

Sunnmørsprisen

Sunnmørsstemna

Sunnmørsstovene

Møre Folkehøgskule

Noregs Ungdomslag

Kontakt oss

Peikarar

  
Heimeside frå: 
Føresegner for valnemnda Føresegner for Sunnmørsprisen Føresegner for Aktivitetsprisen Retningslinjer for prosjektmidlar Instruks for
Barnestemnet


Lov for Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag

Revidert på årsmøtet i Sykkylven 20.03.2004

1. Føremål

1.      Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag skal arbeide for å styrkje den frilynde ungdomsrørsla på Sunnmøre i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.  

2.      Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag skal vere ein fast bindelekk mellom lokallaga, og mellom lokallaga og Noregs Ungdomslag. Særleg skal fylkeslaget ha ansvar for å fremje sams kulturelle og økonomiske føremål, skipe nye lag og kome med nye tilbod til ungdomen gjennom laga.

 2. Medlemsskap

1.      Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag er med i Noregs Ungdomslag og godkjenner lovene og føresegnene til landslaget.  

2.      Alle ungdomslaga på Sunnmøre som vil arbeide i samsvar med føremålet til Noregs Ungdomslag, og som har lover som kan bli godkjende av fylkeslaget kan verte med i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.  

3.      Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag kan ta opp einskildmedlemar beinveges der det ikkje er ungdomslag. Desse medlemane kan ikkje ha stemmerett og kan ikkje vere utsendingar på årsmøta til SFU.

3. Årspengar

1.      Lokallaga betaler til landslaget dei årspengane som til ei kvar tid er vedtekne på årsmøta i landslag og fylkeslag.

4. Årsmelding

1.      Arbeidet i fylkeslaget og ungdomslaga skal følgje kalenderåret.

2.      Ungdomslaga sender årsmelding til fylkeslaget og landslaget kvart år innan den fristen NU gjev.

3.      Fylkeslaget sender årsmelding til Noregs Ungdomslag kvart år innan den fristen NU gjev.

5. Årsmøtet

1.      Styret i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag kallar inn til årsmøte. Årsmøtet skal haldast kvart år innan 25. mars. Førebels sakliste skal sendast ut 2 månader før årsmøtet. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av alle ungdomslaga krev det. Endeleg sakliste og sakspapir skal sendast ut seinast 1 månad før årsmøtet.

2.      Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemar med 3 varamedlemar, kontroll- og revisjonsnemnd på 3 medlemar, og dei andre nemndene det til ei kvar tid er gjort vedtak om. Leiaren vert vald særskild for eit år om gongen, styremedlemane for to år om gongen, slik at to står på val kvart år. Varamedlemane vert valde for eitt år om gongen.

3.      Årsmøtet vel eller gjev styret fullmakt til å velje utsendingar til årsmøtet i Noregs Ungdomslag.

4.      Årsmøtet skal ta stode til årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram og andre saker som styret legg fram til dei.  

6. Utsendingar

1.      Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år og som ikkje har uteståande medlemskontingent til SFU har rett til utsendingar.

2.      Utsendingane frå einskildlaga skal veljast på årsmøtet eller lagsmøte i lokallaget. Ungdomslag som har inntil 50 medlemar har rett til 3 - tre - utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending for kvart nye påbyrja 50 medlemar. Ikkje noko lag skal ha meir enn 10 utsendingar.

3.      Styret i fylkeslaget og utsendingane frå lokallaga har røysterett. Ved val og vedtak gjeld dei same reglane som for årsmøtet i Noregs Ungdomslag.

7. Framlegg til årsmøtet

1. Gjennom lokallaga kan medlemane kome med framlegg til saker på årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag seinast 5 veker før årsmøtet. Styret i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag pliktar på årsmøtet å ta opp saker som er innmelde i rett tid.  

8. Arbeidet i styret

1.      Styret leiar arbeidet i fylkeslaget, og har ansvar for at det vert drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og langtidsplan til fylkes- og landslag. Styret har òg ansvar for arbeidet i særgreiner og eventuelle nemnder.

2.      Styret vel seg imellom nestleiar, kasserar, skrivar og dei andre ombod som til ei kvar tid er trengande. Kasserar og skrivar kan tilsetjast dersom dette er aktuelt. Styret er arbeidsgjevar, og fastset løner og arbeidsvilkår for tilsette.

3.      Styret rår over eiga og skal drive laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med budsjettet.

4.      Styret skal føre vedtaksprotokoll.

5.      Styret er vedtaksdyktige når 3 av styremedlemane, av desse leiar eller nestleiar, er tilstades.

9. Valnemnda

1.      Valnemnda skal ha 3 medlemar og 2 varamedlemar.
Leiaren vert vald for eitt år, dei andre for to år, slik at 1 står på val kvart år. Varamedlemane vert valde for eitt år.

10. Målbruk

1.    Tillitsvalde, tilsette og lokallag i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag pliktar å verne om nynorsk og dialektar i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.

11. Trygging av eiga

1.      Dersom fylkeslaget vert lagd ned eller skifter føremål slik at det ikkje lenger kan stå i Noregs Ungdomslag, skal styret i Noregs Ungdomslag ta vare på midelen til fylkeslaget. Går det 7 år frå midelen er teken over og fylkeslaget ikkje er kome i gong att, eller det er skipa nytt, godkjent fylkeslag, skal styret i Noregs Ungdomslag ta over midelen.

2.      Fylkeslaget skal ta vare på midelen til ungdomslag som vert lagd ned eller skifter føremål så dei ikkje lenger kan vere med i fylkeslaget. Dersom laget ikkje er komen i gong att om 7 år, eller det ikkje er skipa nytt, godkjent lag på staden, skal midelen nyttast på den måten som er fastsett i lova til laget. Dersom lagslovene ikkje seier noko om dette, skal midelen overlatast kommunestyret som nyttar han til beste for ungdomsarbeid på staden.

3.      Lova til Noregs Ungdomslag gjeld når ein skal avgjere om eit lag er lagt ned eller har skift føremål.

4.      Utgiftene med styringa skal berast av midelen.

12. Ymse

1.      Lover og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i fylkeslaget eller organisasjonen ålment, gjeld òg for Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.

13. Lovendring

1.      Framlegg om lovendring må kunngjerast for ungdomslaga på førebels sakliste. Årsmøtet må då vedta framlegget med 2/3 røystefleirtal.

2.      Endringa i lova må godkjennast av Noregs Ungdomslag.
 



 Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag:
Org.nr: 975 714 713
Telefon: 70 06 73 30 Mobil: 95 28 62 72 Telefaks: 70 06 79 80
Kontoradresse: Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta Postadresse: Postboks 127, 6151 Ørsta
E-post: post@sful.no