Hovudsida

Skrivarstova

Styret

Kven & Kvar

Medlemslag

Nytt frå lokallaga
    Dans - musikk
   
Teater
   
Kurs

   
Ungdomshus

Lover

Årsmøtet

Bunadnemnda

Jul på Sunnmøre

Sunnmørsprisen

Sunnmørsstemna

Sunnmørsstovene

Møre Folkehøgskule

Noregs Ungdomslag

Kontakt oss

Peikarar

  
Heimeside frå: 

Sunnmørsstovene AS


Sal av Sunnmørsstovene AS
Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag selde Sunnmørsstovene AS hausten 2008.
Eigedomen i Kongens gt. 8 i Ålesund var
SFU sitt lagsbruk i ca. 15 år.
Salet gav SFU eit godt utbyte av midlane dei investerte.


Sunnmørsstovene AS var eit aksjeselskap som fullt ut var eigd av Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag. Selskapet omfatta ein utleigeeigedom i Kongens gate 8 i Ålesund sentrum, og hadde ein aksjekapital
på 1 million kroner, delt på 100 aksjar a kr 10.000
,-

Eigedomen vart kjøpt 01.10.1991, og investering i ombygging av hovudbygget vart sluttført i 1993.
Hovudbygget hadde ei grunnflate på 270 m2. 1. og 2. etasje var utleigd til butikk, kontor og lager. 3. og 4. etasje inneheldt 5 husvære. Bakbygget hadde ei grunnflate på 70 m2 og er på 3 etasjar.
Bakbygget
var ikkje utleigd.

Helge Rogne var styreleiar for selskapet og stod for den daglege administrasjonen gjennom selskapet hans, Bedriftsrådgiveren AS.
Kari Rogne Kolseth og Noralf Ommedal var og medlemar i styret dei siste åra.
Randulf Bakken var leiar for generalforsamlinga.

Formålet til Sunnmørsstovene AS var å ivareta midlane til SFU på ein best mogleg måte, og å syte for at dei vaks og gav eit utbytte til drift av SFU. Styret i Sunnmørsstovene si rolle var difor til ei kvar tid å vurdere kva som er mest tenleg måte å forvalte midlane på. Selskapet vart seld på eit gunstig tidspunkt, og ein kan seie seg godt nøgd med salssummen.

Forvaltninga av salssummen og kva som skjer vidare med midlane er opp til årsmøtet 2009 å avgjere.



 


 Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag:
Org.nr: 975 714 713
Telefon: 70 06 73 30 Mobil: 95 28 62 72 Telefaks: 70 06 79 80
Kontoradresse: Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta Postadresse: Postboks 127, 6151 Ørsta
E-post: post@sful.no