Hovudsida

Skrivarstova

Styret

Kven & Kvar

Medlemslag

Nytt frå lokallaga
    Dans - musikk
   
Teater
   
Kurs

   
Ungdomshus

Lover

Årsmøtet

Bunadnemnda

Jul på Sunnmøre

Sunnmørsprisen

Sunnmørsstemna

Sunnmørsstovene

Møre Folkehøgskule

Noregs Ungdomslag

Kontakt oss

Peikarar

  
Heimeside frå: 
Tidlegare vinnarar 

Føresegner for Sunnmørsprisen


Sunnmørsprisen

Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag gjev kvart år ut ein pris for beste nynorskbok frå førre året. Dei bøkene som er med i vurderinga, er skjønnlitterære bøker på nynorsk frå alle forlag.
For å få Sunnmørsprisen seier statuttane
m.a.
at forfattaren må skrive eit rikt og levande nynorsk språk og eit innhald som er tilgjengeleg for folk flest.

Dei tre medlemene i prisnemnda for 200
8 er Jørund Fet, Hilde Osdal og Reidun Aambø. 
 

Sunnmørsprisen for 2008

 

Litteraturprisen "Sunnmørsprisen" for 2008 gjekk til forfattaren Lars Petter Sveen. Han debuterte i fjor med novellesamlinga Køyre frå Fræna, på Aschehoug forlag. 
 

Sunnmørsprisen er ein litteraturpris som kvart år vert utdelt til ei av dei beste nynorske bøkene frå året før. Nynorske bøker av forfattarar frå heile landet og bøker innan ulike sjangrar vert vurdert. Prisen vart første gong utdelt i 1953, og den er på kr. 10000,- og ein diplom.
 

Lars Petter Sveen er fødd i 1981, og som tittelen på boka kan peike mot, har han ei tilknyting til Fræna i Romsdalen. Boka er ei kort novellesamling på berre 90 sider, men det står meir der enn talet på ord skulle tilseie. Novellene spelar på eit stort register – frå det enkle, nakne og minimalistiske til det humoristiske og overdrivne, til dei fantastiske innslaga. Alle dei tolv novellene har ein ung mann anten som hovudperson eller forteljar. Forfattaren har sagt at han gjerne vil skrive politisk, han meiner det er for lite politisk litteratur. Men Sveen er redd for å hamne i det ”partipolitiske”, difor har dei fleste novellene allmenne tema. Oftast handlar dei om forhold – til kjærast/kone, til vener, til foreldre. Han gjev også plass til dei ”politisk ukorrekte”, til dei usympatiske stemmene, til dei som strevar, til dei som vert styrde av andre.  Køyre bort frå Fræna – det er det berre ein av mennene som gjer, men alle ønskjer seg nok vekk frå noko, vekk frå ulike forpliktingar, frå å måtte ta dei ”rette” vala og frå ansvaret for andre. I novellene møter vi lokalpolitikaren som juksar seg til valsiger, guten som mistenkjer at foreldra dopar han ned med sovemedisin, leiaren for mobben som set fyr på ordføraren. Sveen skriv knapt, men på same tid bileterikt, skrivestilen hans gjev lesaren rom til undring og meddikting.

Unge menn les ikkje skjønnlitteratur, vert det sagt. Desse novellene vil utfordre ein slik myte og heilt sikkert nå ut til mange.  


Sunnmørsprisen 2007 gjekk til Frode Grytten
Frode Grytten fekk prisen for novellesamlinga "Rom ved havet, rom i byen".
Sidan vi ikkje fann eit passande arrangement for utdelinga av prisen, vart pris og diplom sendt til forfattaren denne gongen.

Jørund Fet skreiv grunngjevinga på vegne av nemnda, og den vart trykt saman med utdrag av novellesamlinga i Jul på Sunnmøre 2008.

 
Sunnmørsprisen 2006 gjekk til Ingelin Røssland
Prisen vart
utdelt under fredag 29. juni ved Aasentunet under Dei nynorske festspela 2007. Ingelin Røssland fekk prisen for ungdomsromanen Handgranateple.
 
Sunnmørsprisen 2005 - Olaug Nilssen
Prisen vart
utdelt laurdag 24. juni 2006 på MålBar i Ørsta under arrangementet Kva skjer i Bergen?. Tilskipinga var i samarbeid med Nynorsk Kultursentrum. Prisen gjekk dette året til Olaug Nilssen frå Førde.
 
Sunnmørsprisen 2004 - Brit Bildøen
Sunnmørsprisen for 2004 vart utdelt 3.september 2005 på kafeen Det Grøne Treet i Volda. Prisen gjekk til Brit Bildøen frå Romsdal. Tilskipinga var i samarbeid med Volda Mållag.
 
Sunnmørsprisen 2003 - Are Kalvø
Sunnmørsprisen for 2003 gjekk til Are Kalvø frå Stranda, busett i Oslo. Prisen vart utdelt
på kafeen Det Grøne Treet i Volda laurdag 4. desember
, og er på 10 000 kr.
Are Kalvø fekk prisen for heile forfattarskapen fram til 2003.
Tilskipinga var i samarbeid med Volda Mållag og Aasen-tunet.

 
Sunnmørsprisen 2002 - Ragnar Hovland
Sunnmørsprisen for 2002 vart gjeven til Ragnar Hovland under tilskipinga ”Boknatt” i Aasentunet, torsdag 6. november. Hovland kom i fjor ut med boka Norske gleder, på Det Norske Samlaget, ei bok som kan vere vanskeleg å sette i bås, men som er ei samling av korte, personlege filosoferingar over både små og store gleder i livet. Prisen får han ikkje berre for boka det året, men for heile forfattarskapen som strekkjer seg over mange år. Denne boka, Norske gleder, tek opp i seg mykje av det som karakteriserer skrivemåten og innhaldet i forfattarskapen til Hovland.

 



 Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag:
Org.nr: 975 714 713
Telefon: 70 06 73 30 Mobil: 95 28 62 72 Telefaks: 70 06 79 80
Kontoradresse: Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta Postadresse: Postboks 127, 6151 Ørsta
E-post: post@sful.no