Velkomen til
Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag!

Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag.
SfU har 35 lokale medlemslag med over 1360 medlemar på Sunnmøre.
Omlag 670 av desse er barn og unge under 26 år (sjå Medlemslag).

Aktivitetane i laga er bl.a. dans og musikk, kor og visegrupper, teater og revy,
ungdomsklubbar og diskotek. SfU gjev årleg ut Aktivitetsprisen og Jul på Sunnmøre, i tillegg til å drive bunadsarbeid på Sunnmøre.

Årsmøte 31. mars

Årsmøtet til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag vert 31. mars i lokala til UL Ivar Aasen i Ålesund.

Dersom de har saker som de vil ha opp på årsmøtet, må desse meldast skriftleg til Skrivarstova innen 24. februar.


Sunnmørsringen

Sunnmørsringen planlegg tur til Nordlek 10. - 15. juli 2012. For meir info. om Nordlek, sjå www.nordlek.no

Øvingar for våren 2012:

-14.januar, Volda 

-4.februar, Ålesund

-10.mars, Stordal
 

Sunnmørsstemna for barn - Sykkylven 2012

Det vert arrangert barnestemne i september med Sykkylven frilynde UL som tilskipar.
Informasjon kjem etterkvart.

Vi gler oss!

Jul på Sunnmøre

Ein kan kjøpe Jul på Sunnmøre frå Skrivarstova.
Ta kontakt på post@sful.no eller tlf. 70067330.