Aktivitetsmidlar
Retningslinjer for aktivitetsmidlar i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag
Vedteke på årsmøtet i Hovdebygda 3. mars 2007.
Sist revidert på årsmøtet i Ålesund 21. mars 2026.
1. Årsmøtet i SFU set av ein budsjettpost kvart år til aktivitetsmidla.
Midlane delast likt på alle lokallag i fylkeslaget som:
· Deltek på Årsmøte
· Sel minst 20 "Jul på Sunnmøre"
· Sendt inn dokumentasjon til Fylkesungdomslaget
2. Aktiviteten i laget kan være dugnad, teater, kurs, sosial tilstelling, dans m.m.
Det ditt lag måtte ynskje å skape av ein aktivitet gjennom året.
3. Midlane vert utbetalt etterskotsvis, når lokallaget har sendt inn dokumentasjon på ca. ei A4 side med litt tekst og gjerne bilete av kva aktivitet laget har hatt i løpet av året.
Desse sidene blir ein del av årsmeldinga til fylkeslaget påfølgande år.
Midlane blir utbetalt i slutten av desember til dei laga som har innfridd kriteria.