Aktivitetsprisen 2025
Åsmøtet vart halde lørdag 21. Mars, og da vart aktivitetsprisen som vanleg utdelt. Denne gong gjekk den til André Bjørkedal Løset frå Bjørkedal UL.
Nominasjonen hadde blandt anna dette å seia om kandidaten:
“Han kjenner nok ikkje sine eigne begrensingar alltid, men det er fordi han brenn for bygda, ungdomsslaget og folka her. Utan han hadde vi ikkje hatt ungdomslag er eg redd. Han gjer ikkje alt åleine, men han gir oss andre sparket i rompa vi treng for å prioritere ungdomslaget og nye aktivitetar i bygda. Dette store engasjementet har han ikkje hatt berre i år, men i snart 20 år.”
André er ein kandidat som representerer godt verdiane til ungdomslagsrørsla og SFUL. Over mange år har han søkt støtte for lokallaget og grendalaget sitt, han styrar lyden på tallause tilstellingar, fekk den nedlagde nærbutikken gjort om til samlingsstad og treningslokale, og stod for byting av tak på ungdomshuset. Han har fingrane borti mykje og er ein inspirasjon til bygda og lokallaget.
Han har også vore aktiv i SFUL i ulike verv, og styret er takksame for at han dei siste åra har vore dyktig ordstyrar på årsmøta.