Vi har framleis ikkje motteke nokon forslag, og ønskjer dette snarast før årsmøtet 22. mars 2025, slik at prisen kan bli delt ut på møtet. Kjennar du nokon som utmerka seg i arbeidet med ungdom, eller veit om eit lag som jobbar godt for barn og ungdom; gi lyd!
Forslag kan fremmast på epost: post@sful.com
Aktivitetsprisen for Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag kan gå til medlemslag eller enkeltpersonar på Sunnmøre som har utmerka seg med eit særs godt arbeid for ungdom i samsvar med Noregs Ungdomslag og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag si målsetjing.
Her kan du lese om reglane for å delta, og tidlegare vinnarar: